lørdag 28. september 2019

Port Laucate - Llanca


Dette er ein av den finaste sykkeldagane eg har hatt. Starta flatt langs endeløse strender inn mot der fjella dupper ned i havet. Det er tredje gong eg sykler her, og eg er like imponert kvar gong. Eg følger D914/N-260 som følger kysten. I kvar ny bukt er det ein ny liten by, så går det opp i sniglefart, for så å stupa ned i racerfart. Det er så vakkert at eg må stoppe på hver utsiktspunkt for å nyte utsikten og ta bilder. Midt oppå ein plass, så er ein i Spania. Det vart litt bakker i dag, men det var "glede i hvert trokk". Koselig hotell, og 100m ned til stranda. Det var godt med en cervesa...... Nå har eg bare 2 korte etapper igjen på 3 dager, tar fri på lørdag tenkjer eg. Blir nok soling og bading. 85 km, 6t 32m og 840 hm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar