Flott kald morgen, 7°, dei to første flate mila av Voie Verte, så plutselig begynnte det å blåse og tempen gjekk opp til 17° på et kvarter. Det er en del bakker over mot Macon, men veldig fint. Slott på kver ein haug. Sønnavinden auka i takt med tempen som kom opp i 27°. Det vart tungt ned mot Lyon. Når du må ned 2-3 gir så går det potle.... Her er du på vegen sammen med bilane. Fordelen på lørdag er at det ikkje er trailere. Landa i fint hotell i Lyon. Eg bruker hotels.com og då kan du få gode priser på 4stjernes hotell. Men eg måtte nesten grina meg til å få sykkelen inn på et lite lager dei har. Det er ikkje ordning for sykler i sentrumshotella. 111 km, 7t 28m og 545hm.
søndag 22. september 2019
Malay - Lyon
Flott kald morgen, 7°, dei to første flate mila av Voie Verte, så plutselig begynnte det å blåse og tempen gjekk opp til 17° på et kvarter. Det er en del bakker over mot Macon, men veldig fint. Slott på kver ein haug. Sønnavinden auka i takt med tempen som kom opp i 27°. Det vart tungt ned mot Lyon. Når du må ned 2-3 gir så går det potle.... Her er du på vegen sammen med bilane. Fordelen på lørdag er at det ikkje er trailere. Landa i fint hotell i Lyon. Eg bruker hotels.com og då kan du få gode priser på 4stjernes hotell. Men eg måtte nesten grina meg til å få sykkelen inn på et lite lager dei har. Det er ikkje ordning for sykler i sentrumshotella. 111 km, 7t 28m og 545hm.
Besançon - Malay
Foooorrr en daaag!!!!!! Kaldt frå morgenen, men du så flott. Langs kanalen ned til Dole var det magisk, men så kom det ein transportetappe over til Shalon. Dette er litt kjedelig med mykje trafikk. Men så visste eg kva som venta, og formen er bra. Det går ein nedlagt jernbanespor på over 5 mil sørover mot Macon. Voie Verte er navnet på sykkelløypa dei har laga. Denne må alle som kan, "sykle før dei dør". Den er nok på top 3 av alle ruter som eg har sykla. Utrulig vakkert. Bare sjå bildene. Så tabba eg litt. Bestilte hotell under en pause og trudde det var i Cluny. Sykla dit og skulle finsikta kor hotellet var, då eg oppdaga at eg hadde sykla 18 km for langt. Det var bare å snu..... 194km, 9t 5m.
torsdag 19. september 2019
Montbeliard - Besançon
Dette er dei lettaste 10 mil eg har sykla med bagasje. Løypa som er en del av europeisk rute nr 6 følger kanalen så å seie heile tida. Men det var bare 6° ved start, så det vart fort teknisk kvil og på med lue, lange hansker og ekstra jakke. Bare ein gong vart det bakke. Og så en skikkelige onnevind i tillegg i dag. Hadde på forhånd bestemt hit i dag, og det er vaskedag og "studietur" på byen. Dette er en by som ofte brukes av TdF. 100 km, 5t 47m, 368 hm.
Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.
Dambach la Ville - Montbeliard
Nok ein flott dag på sykkel. Det var kaldt i starten gjennom Selestat, men så var det onnevind og sol, og varmen kom i 12tida. Det er utrulig mykje mais som blir dyrka ved Rhinen. Der druene slutta begynnte maisen. Det er også rester etter krigen over alt. Området var tysk, men Frankrike fekk det etter krigen. Mange bynavn er på tysk. Halvegs i dag kom eg inn på Rhone-Rhinekanalen. Her er det lettsykla, og med onnevind vart det enda betre. Her stig kanalen over 100m, så det er utrulig mange sluser. På det bratteste er det 12 sluser med bare 100m mellom hver. Her kan ein ta båten sin frå middelhavet og ut Rhinen for å sleppe å gå rundt. Stoppa i Montbeliard. 138 km, 8t 13m,
onsdag 18. september 2019
Karlsruhe - Dambach la Ville
En drømmedag på sykkel. Starta frå Karlsruhe før 8 og sørvestover mot ånå. Her har me sykla før. Veldig grei grusveg oppe på dammen langs Rhinen. Ved Kehls, brua over til Strasbourg og Frankrike. Fra sentrum og sørover starter en kanal som kobler seg til Rhin-Rhone-kanalen ved Mulhouse. Denne er perfekt sykkelvei sørover. For 12 år siden overnatta Åse og eg i Dambach la Ville, ein fantastisk liten by i Alsac. Då eg bestillte hotell i min andre pause kl 14. (Den første kl. 11.), dukket "vårt" hotell opp som aternativ til en akseptabel pris. Bestillte og gleda meg resten av turen. Her er bare utrulig flott. Det er nå midt i innhøstingen av druer, og traktorene sto i kø for å levere dagens fangst. 131km, 8t 45m, 335hm.
Worms - Karlsruhe
Flott dag der eg er imponert over merkinga av gode sykkelveier på begge sider av ånå. Når du nærmer deg ein by, så står neste større by også på skiltet med avstander. Når en kommer til gater og svinger, så er retningsendringer merka med ei pil. I dag tidlig var eg nesten aleine langs sykkelvegane. Men det er stadig langtursyklister i sikte. Flott ver og heilt stille. Sykla gjennom Speyer som vi overnattet i 2012. Der er det ein "kjempestor" katedral. Så over ånå med ferge. Slutta tidlig av i Karlsruhe. Eg må ikkje ta for lange dager, då vil eg kome altfor tidlig til Calella..... 107km, 7t13m og 269 hm.
Rhens - Worms
Eg har lyst å snu, for å oppleva denne turen omatt. Starta halvkjølig med skodde på toppane. Men fekk opp dampen og er bare såååå fornøgd med dette vegvalget. Rett og slett vakkert. Passerte Lorelei uten å høyra sangen...., så langs ånå mot Mainz. Sykkelvegen langs Rhinen er veldig godt merka, men i dag som er søndag, var det bare å følge på. Eg trur eg eg møtte fleire tusen syklister med sidetasker. Mange var nok bare på korte etapper organisert av båter o.l., men svært mange var langtursyklister som meg. Kilometrane trillar fort når det stort sett er flatt. Mykje av sykkelvegane går rett bak en nokså ny demningsvoll som er laga for at ikkje ånå skal overfløyme større arealer. Greitt hotell i Worms, og første Spahetti Carbonara, Magne. Dette er byen Laurits M Jakobsen, Roald Pedersen og eg kom ned til ved Rhinen, då me sykla til syden i 2012. 146 km, 8t 45m og 352 hm.
Abonner på:
Innlegg (Atom)






