tirsdag 10. juli 2018

Byglandsfjord - Rysstad


 Etter ein god frokost på hotellet sykla me over på vestsida av Byglandsfjorden. Her fann me den perfekte sykkelvei mest uten trafikk. Et par skikkelige bakker er bare krydder på turen. På Straume tok me over på austsida og fortsette nordover. Handla mat på Ose og hadde ein god rast der. Videre vart det etter kvart god grusveg før me kom inn på hovedvegen før Rysstad. Her ligg me på Sølvgarden hotell. 74km, 5,5t og 520 hm.

mandag 9. juli 2018

Heddan gård - Byglandsfjord


Etter ei natt heilt åleine på Heddan Gård trilla me nedf til dalen igjen. Så var det i gang med ei ny hei over til Byremo. Neste stopp var Sveindal der me tenkte på lunsj. Men der var ikkje nokon butikk.... så me klarte oss med vatn over til Evje. Her vart det mimring frå dei 8 månedene eg var på Evjemoen i 73. Deretter vart det hamburgermeny, og det gjorde godt. Videre på den gamle jernbanen nordover og me ligg på Revsnes hotell. 70 km, 7t og 825 hm.

Lyngdal - Heddan


Etter ein fin dag med familie på Kvåvik var det tid for søndagstur oppover dalen. Lite trafikk og varmt og godt langs elva, det vart skikkelig søndagstur. Men så vart det oppøvebakker i dag og... Enda på ein fantastisk fjellgard på 450 moh; Heddan gård i Hægebostad. Ein prisbelønna gammal gard med overnatting og kjempegod mat. Turterrenget rundt ser flott ut. Her er det kun suset av vinden i bjørketra som høyres. Anbefales... 46 km, 5 t og 489 hm.

fredag 6. juli 2018

Flekkefjord - Lyngdal


Fint vær fra starten over til Feda. Her vart det rufsete då me ikkje ville på E39. Deler av sykkelvegen var dårlig grus med hestetråkk, som gjorde det skikkelig tungt. Men over Fosselandsheia og ned til Feda var det fint med heile gamlevegen for oss sjølve. Pause på Liknes før bakkane opp til Utsikten og Kvinnesheia. Tok vegen over til Kvås. Her var det fint å sykle, men kupert. Nå blir det 2 netter på Paulsen Hotell i Kvinnesdal. 68,5km, 7,5t og 937 hm.

torsdag 5. juli 2018

Egersund - Flekkefjord


Skoddeskyer første del mot Sokndal. Senere varmt og flott syklevær med onnevind. Dette er nok vår hardeste etappe med 4 heier me skal over. Husker jo at det var mye bakker fra før i tida då eg sykla Jadarrittet, men det føltes brattare nå. Flott å kome fram til hotellet i Flekkefjord. 65 km, 7t og 1300 hm.

onsdag 4. juli 2018

Kleppe - Egersund


Då starta eg og Åse på sykkeltur til Suleskard om sørlandet. Ein grei tur til Ogna der me følgte vestlandske over til Hellvik. Derfra den gamle jernbanen til Egersund. 4,5 t og 58,5 km. Litt tåke frå start, men varmt sommervær videre.