søndag 29. september 2019

Palamos - Calella


Siste etappe vart desserten på turen. Starta i 9-tida og følger GI682 mesteparten av dagen. Her slynger den seg langs kysten, inn og ned i dalane, så oppover ut rundt nesa, med utsiktspunkter videre. Det er utrulig flott natur. Det er og mykje syklister. Ulempå denne gong (3. gong eg sykler her) er at det er utrulig mange motorsyklister. Og dei kjører fort. Det må være ein kjekk tur for dei og, men nokre tar vanvittige sjangser, og det er utrulig at det går godt. Det er mykje bråk med dei også. Midtveis ligg Tossa del Mar som Magne og eg overnatta i i 2012. Ein vakker by. Inn mot Calella så følger eg stranda, og er framme ved målet. 67km, 5t 21m og 847 hm. Til sammen har eg sykla 2773 km på 23 dager, det blir ca 120km kvar sykkeldag.

lørdag 28. september 2019

Llanca - Palamos


Bedagelig flott tur gjennom fjell og jordbruksområder. Trur alle her sør må ha et problem med maisen. Den står uhausta og aldeles vissen. Ellers er det mykje epledyrking og vindruer i skråningane. Når ein følger dei større veiene inn mot byer, blir standarden på vegen stadig bedre. Når skilta så blir blå og det er 4felt samt 90, begynner eg å lure på kor lenge ein kan følge den. Så er det av og inn på småveger igjen. Det går veldig bra å følge kartet på Garminen. Bare 77km, 5t 35m og 425hm.

Port Laucate - Llanca


Dette er ein av den finaste sykkeldagane eg har hatt. Starta flatt langs endeløse strender inn mot der fjella dupper ned i havet. Det er tredje gong eg sykler her, og eg er like imponert kvar gong. Eg følger D914/N-260 som følger kysten. I kvar ny bukt er det ein ny liten by, så går det opp i sniglefart, for så å stupa ned i racerfart. Det er så vakkert at eg må stoppe på hver utsiktspunkt for å nyte utsikten og ta bilder. Midt oppå ein plass, så er ein i Spania. Det vart litt bakker i dag, men det var "glede i hvert trokk". Koselig hotell, og 100m ned til stranda. Det var godt med en cervesa...... Nå har eg bare 2 korte etapper igjen på 3 dager, tar fri på lørdag tenkjer eg. Blir nok soling og bading. 85 km, 6t 32m og 840 hm.

Sete - Port Laucate


Dette var ei gild dag på sykkelen. Først langs ei fantastisk strand til Agde. Så er det mykje sletter og innsjøer videre sørover. Vil en halde seg med sjøen er det basje og det går litt potle. Brukte mr. Google mykje i dag og havna på underlag som hadde våre best egna på fulldempa sykkel. Min Velotec S5 er nokre år, og har vert på mange turer, men er imponerane sterk. Hadde god service hos Spinn og Rolf Helge før turen, og sykkelen er fortsatt veldig god, nå etter den 7. langturen på over 200mil. Løypa gjekk bl.a. langs ein kanal som går gjennom ein av desse store innsjøane. Fann den ruta sist tur for 4år sida. Då eg kom "i land" var det kort tur til Port Leucate. Nå ser eg Pyreneefjella i sør, og eg gler meg til et flott landskap inn i Spania. Ein av dei fineste sykkelrutene eg veit om. 122km, 8t 22m og 413 hm.

Avignon - Sete


Litt sein start i dag. Det var ikkje frokost før 8... Utrulig så ein lager seg vaner når ein er på ein slik tur. Det forskyver heile dagsrymen med ein time... Men nå er eg kome til syden, og det er fantastisk godt med sol og varme... Først i dag var å kome seg ned til La Grande-Motte. Det var å følge vegen mellom byene. Prøvde å følge ruta som eg av og til kommer innom, men som vanlig, enda eg langt ute på jordet. Så opp på nærmeste veg igjen, for det går fortast. Det med sykkelveier er ikkje franskmennene si sterkeste side, er mi erfaring. Dette området kalles for lille Camargue. La Grande-Motte er ein skikkelig ferieby med fantastiske strender. Mot Seté viser både Google og ViaMichelin at en kan fløge Séte-Rhonekanalen. Men det går ikkje nå slik som for 4 år sidan. Ein må inn i landet rundt ein innsjø. Seté er havneby og skikkelig koselig. 139km, 8t 24m, 332 hm.

Valence - Avignon


Etter skikkelig regn og torever i går kveld, og i natt, var det ein frisk morgen uten ei sky å starte opp i. Mr.Google og eg er gode venner nå, men av og til prøver han å sende meg langs ånå, og der er det bare pukk! Så det blir "mindre" veier sørover. Onnevind, så det går unna. Første gong eg tar austsida av ånå ner, og då var eg innom først Montelimar, så Orange med en fantastisk rundkjøring, triumfbuen. Avignon er ein flott by med gammel bymur og mange trange gater. Veldig koselig og seerverdig. Hotellet er et gammalt sykehus! Siste del av dagen så har Mont Ventoux kneisa i aust. Har sykla det 3 gonger og har gode minner derfra. Luktene langs vegane er varierte, men når ein passerer ein lavendelåker er det fantastisk. 130km, 7t 21m og 427 hm.

søndag 22. september 2019

Lyon - Valence


Det er tredje gong eg sykler sørover frå Lyon, og eg slit med å finne beste vegen og viaRhone som følger ånå. Herr Google vil ikkje heller sende meg på viaRhone uten den er asfaltert. Så det vart litt veg og litt sykkelrute. Yr har bomma kraftig på værvarslet. Dei melde regn i Lyon i går, så skulle det kome midt på dagen i dag, men nå kl 16. er det fortsatt sol og 25°. Men det har blese på regn i heile dag. Så syklinga har vore tung i motevinden. Eg er svært skuffa over at det er så få syklister i området. Det er helst langtursyklister som dominerer. På ein søndag burde det vert mange fleire på tur. Nå sit eg midt på det torget som har mest uteservering og tar ei velfortjent øl (el 2), mens eg skriv i FB. 112km, 7t 16m og 462hm.

Malay - Lyon


Flott kald morgen, 7°, dei to første flate mila av Voie Verte, så plutselig begynnte det å blåse og tempen gjekk opp til 17° på et kvarter. Det er en del bakker over mot Macon, men veldig fint. Slott på kver ein haug. Sønnavinden auka i takt med tempen som kom opp i 27°. Det vart tungt ned mot Lyon. Når du må ned 2-3 gir så går det potle.... Her er du på vegen sammen med bilane. Fordelen på lørdag er at det ikkje er trailere. Landa i fint hotell i Lyon. Eg bruker hotels.com og då kan du få gode priser på 4stjernes hotell. Men eg måtte nesten grina meg til å få sykkelen inn på et lite lager dei har. Det er ikkje ordning for sykler i sentrumshotella. 111 km, 7t 28m og 545hm.

Besançon - Malay


Foooorrr en daaag!!!!!! Kaldt frå morgenen, men du så flott. Langs kanalen ned til Dole var det magisk, men så kom det ein transportetappe over til Shalon. Dette er litt kjedelig med mykje trafikk. Men så visste eg kva som venta, og formen er bra. Det går ein nedlagt jernbanespor på over 5 mil sørover mot Macon. Voie Verte er navnet på sykkelløypa dei har laga. Denne må alle som kan, "sykle før dei dør". Den er nok på top 3 av alle ruter som eg har sykla. Utrulig vakkert. Bare sjå bildene. Så tabba eg litt. Bestilte hotell under en pause og trudde det var i Cluny. Sykla dit og skulle finsikta kor hotellet var, då eg oppdaga at eg hadde sykla 18 km for langt. Det var bare å snu..... 194km, 9t 5m.

torsdag 19. september 2019

Montbeliard - Besançon


Dette er dei lettaste 10 mil eg har sykla med bagasje. Løypa som er en del av europeisk rute nr 6 følger kanalen så å seie heile tida. Men det var bare 6° ved start, så det vart fort teknisk kvil og på med lue, lange hansker og ekstra jakke. Bare ein gong vart det bakke. Og så en skikkelige onnevind i tillegg i dag. Hadde på forhånd bestemt hit i dag, og det er vaskedag og "studietur" på byen. Dette er en by som ofte brukes av TdF. 100 km, 5t 47m, 368 hm.


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

Dambach la Ville - Montbeliard


Nok ein flott dag på sykkel. Det var kaldt i starten gjennom Selestat, men så var det onnevind og sol, og varmen kom i 12tida. Det er utrulig mykje mais som blir dyrka ved Rhinen. Der druene slutta begynnte maisen. Det er også rester etter krigen over alt. Området var tysk, men Frankrike fekk det etter krigen. Mange bynavn er på tysk. Halvegs i dag kom eg inn på Rhone-Rhinekanalen. Her er det lettsykla, og med onnevind vart det enda betre. Her stig kanalen over 100m, så det er utrulig mange sluser. På det bratteste er det 12 sluser med bare 100m mellom hver. Her kan ein ta båten sin frå middelhavet og ut Rhinen for å sleppe å gå rundt. Stoppa i Montbeliard. 138 km, 8t 13m, 

onsdag 18. september 2019

Karlsruhe - Dambach la Ville


En drømmedag på sykkel. Starta frå Karlsruhe før 8 og sørvestover mot ånå. Her har me sykla før. Veldig grei grusveg oppe på dammen langs Rhinen. Ved Kehls, brua over til Strasbourg og Frankrike. Fra sentrum og sørover starter en kanal som kobler seg til Rhin-Rhone-kanalen ved Mulhouse. Denne er perfekt sykkelvei sørover. For 12 år siden overnatta Åse og eg i Dambach la Ville, ein fantastisk liten by i Alsac. Då eg bestillte hotell i min andre pause kl 14. (Den første kl. 11.), dukket "vårt" hotell opp som aternativ til en akseptabel pris. Bestillte og gleda meg resten av turen. Her er bare utrulig flott. Det er nå midt i innhøstingen av druer, og traktorene sto i kø for å levere dagens fangst. 131km, 8t 45m, 335hm.

Worms - Karlsruhe


Flott dag der eg er imponert over merkinga av gode sykkelveier på begge sider av ånå. Når du nærmer deg ein by, så står neste større by også på skiltet med avstander. Når en kommer til gater og svinger, så er retningsendringer merka med ei pil. I dag tidlig var eg nesten aleine langs sykkelvegane. Men det er stadig langtursyklister i sikte. Flott ver og heilt stille. Sykla gjennom Speyer som vi overnattet i 2012. Der er det ein "kjempestor" katedral. Så over ånå med ferge. Slutta tidlig av i Karlsruhe. Eg må ikkje ta for lange dager, då vil eg kome altfor tidlig til Calella.....  107km, 7t13m og 269 hm.

Rhens - Worms


Eg har lyst å snu, for å oppleva denne turen omatt. Starta halvkjølig med skodde på toppane. Men fekk opp dampen og er bare såååå fornøgd med dette vegvalget. Rett og slett vakkert. Passerte Lorelei uten å høyra sangen...., så langs ånå mot  Mainz. Sykkelvegen langs Rhinen er veldig godt merka, men i dag som er søndag, var det bare å følge på. Eg trur eg eg møtte fleire tusen syklister med sidetasker. Mange var nok bare på korte etapper organisert av båter o.l., men svært mange var langtursyklister som meg. Kilometrane trillar fort når det stort sett er flatt. Mykje av sykkelvegane går rett bak en nokså ny demningsvoll som er laga for at ikkje ånå skal overfløyme større arealer. Greitt hotell i Worms, og første Spahetti Carbonara, Magne. Dette er byen Laurits M Jakobsen, Roald Pedersen og eg kom ned til ved Rhinen, då me sykla til syden i 2012. 146 km, 8t 45m og 352 hm.

Dormagen - Rhens


Dette er langtursyklerens draum.... Å starte i morgensola og blå himmel kl. 8 langs Rhinen, er utrulig flott. På den elva skjer det utrulig mykje. Oppover går ruta stadig litt rundt forskjellige større og mindre fabrikker. Så er det innom dei store byane, Køln og Bonn. Her går ruta langs flotte promenader langs elva og ein skimter bare høghusa innforbi. Stadig innom småbyer som sykkelvegen er styrt innom. Det går uendelig med lektere både opp og ned elva. Landskapet hever seg på hver side av elva, med slott og gamle festninger på toppane. Langs sykkelstiane er det utrulig mange syklister. Dei fleste har ei sykkeltaske, så dei er på kort eller lengre tur. I Koblenz var det mykje turister. Rhens ligg like sør og er skikkelig koselig. God stemning på en lørdag kveld......  140 km, 8,5t og 300hm.

Dortmund -Dormagen


Kom ikke på at det var fredag den 13. før eg les innlegget ditt, Reidar Hogstad. Regn og surt frå start, men då mobilen var svart og ikkje ville starta, vart det stress. Ingen mobilbutikker åpna før om 2 timer, så eg fyrte opp Garminen med vegvising. Dette er andre gong eg prøver dette, og siste. For i dag var det mykje bakker, og plutselig var eg langt inni ein skog oppå en ås på en liten sti som Garminen syntes eg skulle ta. For et vas..... Så prøvde eg for ente gong å få liv i mobilen, og jammen starta han. Då fekk Google overta styringa, og då gjekk det bedre. Kom endelig fram til Dusseldorf og Rhinen. Måtte bare ta et par mil oppover, det var fint. Stoppa i ein liten koselig by med navn Dormagen.  86 km, 8t+ og 786hm.

torsdag 12. september 2019

Osnabruck - Dortmund


Bomma med ein dag, Dortmund har heimekamp i morgen mot Leverkusen, nabooppgjør....
Eg har fått "bakkeangst". Etter å ha testa nokre småbakker dei siste dagane, har eg valgt å endre rute. Hadde tenkt meg lenger vest og over Pyrineene. Nå blir det til Dusseldorf og oppover Rhinen. Deretter rhine-rohnekanalen over til rohnedalen. Så ned til varmen ved middelhavet, og videre langs kysten til Calella. Mykje av dette har eg sykla før, men det er utrulig flotte partier tilrettelagt for sykling. 120 km, 8t 50m, og 482 hm i dag. Flott ver med over 20° på slutten. Litt sidevind mot.


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

Bremen - Osnabruck


Oppstarten ut frå Bremen gjekk svært bra. Sol og bare litt vind først på dagen. Følgte stort sett den "gamle" hovedvegen heile dagen. Her er mykje trafikk, men god sykkelveg ved sida. Då skjer det ikkje mykje nytt, og ein set og trør og lar tankane fara. To pauser passer bra med litt cola og tebrød. Så kom overraskelsen..... ein bakke...... tenk første bakken etter 750 km. Sikkert 100 m stigning. Det var tungt og uvant. I tillegg har det blese rett imot på regn, heile ettermiddagen. Fin by Osnabruk. Fann fint hotell rett ved domkyrkja. 122 km, 8,49 timar og 461 hm.



Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

St. Michaelisdonn - Bremen


Ein fin dag på sykkeltur. Sol og 17° med frisk bris frå vest. Første økta gjekk til ferga over Elben ved Gluckstadt. Der var andre langsyklere på ferga, og praten gjekk fint. Eg trudde at etter alle episodane med Derrik så kunne eg tysk, men av ein eller anna grunn fortsetter alle å snakke engelsk med meg! Frå fergekryssinga over til Bremen er det lettsykla langs alle'er, og det er tøfft å kome inn i ein storby som Bremen. Men dette er ein by tilrettlagt for sykler. Og det vrimla av likesinna. Då har du forkjørsrett i ditt røde felt, heilt til neste lyskryss. Då er det feilgiring og klakking med pedaler. Nå er det shweinesnitzel og øl.... 142 km, 9timar og 300 hm


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

mandag 9. september 2019

Tønder -St. Michalisdonn



Ein potledag er nok fasiten på denne turen. At sykkel og utstyr ikkje blir skada av slike sykkelveger som er her i nordtyskland. Dei er 5 ganger verre enn vår verste: Riskjell til Klepp St.  For kvar 10-20 m er det en liten åning i asfalten. Denne er gammel og åpningene er større og mindre groper..... Ellers var det strake vegen til Husum, med punktering. Dette var ein flott by med koselig sentrum/havn. Så mot Heide, som har et gigantisk oljeraffineri. Her gjekk olja på jernbane. Videre somla eg fælt for å ikkje ta igjen ei store regnbyga som gjekk sørover. Enda opp på en hestegard som også har rom til leige. Her er det kjempefint....

Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

søndag 8. september 2019

Herning - Tønder


Dette vart ein flott etappe... Starta i lett skoddeyr, men etter ein time skein sola. Lett onnevind første del, og lett mote på slutten. Var i håndballmodus då eg sov i Herning og rett aust ligg Ikast. Så passerte eg Riibe på vegen. Ellers mykje store gardsbruk med kyr. Det blir dyrka mykje mais i dette området. Tønder er ein by me besøkte for over 50 år sidan på ein av våre ferier. Far likte godt å reisa med den fine Taunus 17m-en. Her er lite folk ein sundag kveld, men koselig. 157km, 9 t og 393 hm.

Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

lørdag 7. september 2019

Løgstør - Herning


I dag fann eg den ultimate ruta. Stikkordet er gammel jernbane. Her har danskan forstått det: sykkel og gangsti. Først til Viborg på Himmerlandstien, så til Herning på Alhedestien. Godt grusunderlag på første, og mindre godbeleggningsstein på siste fram til kommunegrensa til Herning. Her var det 3 m asfalt med midtstripe, heil flatt og beint!! Flott ver med endel motevind i starten, så kom regnbygene, og eg valgte å stoppa i ly for dei verste. 125km, 503 hm!! og nesten 9 timer på vegen


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

fredag 6. september 2019

Hirtshals - Løgstør

Så er eg i gang med tur til Calella i Spania. Det vart ei fin overfart med ferja, heilt på tida. Kom av ferga i styrtregn og kuling. Motevind og regnbyger har vert dagens utfordring. Ruta gjekk om Løkken, Aabybro, Aggersund og stansa i Løgstør. Det er lite overnattinger sørover herfra og 7 mil til Viborg i vinden frista ikkje. Ellers er sykkel og oppakning grei. 103 km vart det og eg brukte 8 timer. Snittfart i bevegelse var 16,3 km/t.

søndag 1. september 2019

Hirtshals - Calella

Ny tur er planlagt i september 2019..... Då blir det tur til Calella i Spania igjen. Denne gang blir ruta lagt litt lenger vest gjennom Frankrike og gjennom Pyrineene ved Andorra