lørdag 28. september 2019

Sete - Port Laucate


Dette var ei gild dag på sykkelen. Først langs ei fantastisk strand til Agde. Så er det mykje sletter og innsjøer videre sørover. Vil en halde seg med sjøen er det basje og det går litt potle. Brukte mr. Google mykje i dag og havna på underlag som hadde våre best egna på fulldempa sykkel. Min Velotec S5 er nokre år, og har vert på mange turer, men er imponerane sterk. Hadde god service hos Spinn og Rolf Helge før turen, og sykkelen er fortsatt veldig god, nå etter den 7. langturen på over 200mil. Løypa gjekk bl.a. langs ein kanal som går gjennom ein av desse store innsjøane. Fann den ruta sist tur for 4år sida. Då eg kom "i land" var det kort tur til Port Leucate. Nå ser eg Pyreneefjella i sør, og eg gler meg til et flott landskap inn i Spania. Ein av dei fineste sykkelrutene eg veit om. 122km, 8t 22m og 413 hm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar