søndag 22. september 2019

Lyon - Valence


Det er tredje gong eg sykler sørover frå Lyon, og eg slit med å finne beste vegen og viaRhone som følger ånå. Herr Google vil ikkje heller sende meg på viaRhone uten den er asfaltert. Så det vart litt veg og litt sykkelrute. Yr har bomma kraftig på værvarslet. Dei melde regn i Lyon i går, så skulle det kome midt på dagen i dag, men nå kl 16. er det fortsatt sol og 25°. Men det har blese på regn i heile dag. Så syklinga har vore tung i motevinden. Eg er svært skuffa over at det er så få syklister i området. Det er helst langtursyklister som dominerer. På ein søndag burde det vert mange fleire på tur. Nå sit eg midt på det torget som har mest uteservering og tar ei velfortjent øl (el 2), mens eg skriv i FB. 112km, 7t 16m og 462hm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar