onsdag 18. september 2019

Rhens - Worms


Eg har lyst å snu, for å oppleva denne turen omatt. Starta halvkjølig med skodde på toppane. Men fekk opp dampen og er bare såååå fornøgd med dette vegvalget. Rett og slett vakkert. Passerte Lorelei uten å høyra sangen...., så langs ånå mot  Mainz. Sykkelvegen langs Rhinen er veldig godt merka, men i dag som er søndag, var det bare å følge på. Eg trur eg eg møtte fleire tusen syklister med sidetasker. Mange var nok bare på korte etapper organisert av båter o.l., men svært mange var langtursyklister som meg. Kilometrane trillar fort når det stort sett er flatt. Mykje av sykkelvegane går rett bak en nokså ny demningsvoll som er laga for at ikkje ånå skal overfløyme større arealer. Greitt hotell i Worms, og første Spahetti Carbonara, Magne. Dette er byen Laurits M Jakobsen, Roald Pedersen og eg kom ned til ved Rhinen, då me sykla til syden i 2012. 146 km, 8t 45m og 352 hm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar