torsdag 19. september 2019

Dambach la Ville - Montbeliard


Nok ein flott dag på sykkel. Det var kaldt i starten gjennom Selestat, men så var det onnevind og sol, og varmen kom i 12tida. Det er utrulig mykje mais som blir dyrka ved Rhinen. Der druene slutta begynnte maisen. Det er også rester etter krigen over alt. Området var tysk, men Frankrike fekk det etter krigen. Mange bynavn er på tysk. Halvegs i dag kom eg inn på Rhone-Rhinekanalen. Her er det lettsykla, og med onnevind vart det enda betre. Her stig kanalen over 100m, så det er utrulig mange sluser. På det bratteste er det 12 sluser med bare 100m mellom hver. Her kan ein ta båten sin frå middelhavet og ut Rhinen for å sleppe å gå rundt. Stoppa i Montbeliard. 138 km, 8t 13m, 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar