torsdag 12. september 2019

St. Michaelisdonn - Bremen


Ein fin dag på sykkeltur. Sol og 17° med frisk bris frå vest. Første økta gjekk til ferga over Elben ved Gluckstadt. Der var andre langsyklere på ferga, og praten gjekk fint. Eg trudde at etter alle episodane med Derrik så kunne eg tysk, men av ein eller anna grunn fortsetter alle å snakke engelsk med meg! Frå fergekryssinga over til Bremen er det lettsykla langs alle'er, og det er tøfft å kome inn i ein storby som Bremen. Men dette er ein by tilrettlagt for sykler. Og det vrimla av likesinna. Då har du forkjørsrett i ditt røde felt, heilt til neste lyskryss. Då er det feilgiring og klakking med pedaler. Nå er det shweinesnitzel og øl.... 142 km, 9timar og 300 hm


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar