søndag 17. april 2016

Castiglione della Pescaia

Prøver å skrive denne bloggen litt sykkelturfaglig, hvis nokon ville ta same ruta. Her er det flatt langs kysten med lite fjell. Utfordringen er vegnettet. Me prøver å følge den vegen som ligg lengst mot havet, men det er svært mange elver her, og desse har få bruer. Idag kjørte me oss fast da kartet viste ei bru, men den var ikkje der. Så er det oppover i landet til nærmeste by, og der er gjerne den hovedvegen me ikkje ville følge. Dette er de gamle hovedvegene som har vert her "alltid", men så er dei utbedra fleire gonger og nå med 4 felt og 90 grense. Da også siste utbedring til motorveg var faktum, måtte me utpå her også, då det ikkje var alternativer. Dette var det beste stykket, da det var en egen  sos-kjørebane til oss. Da vegen så blir kun 4 felt og ingen kan nekte oss, er det mange som tuter og det føles trangt når vi følger den kvite stripa. Det beste er den gamle 2-feltsvegen med ei god stripe utenføre den kvite stripa å sykle på. Men det går unna på desse vegane, og det er bensinstasjoner med mat og drikke med jevne mellomrom. Når me så får ta kyst/strandvegen er dette flott, hadde det ikkje vert for asfalten. Vegen går ofte gjennom furualleer og er det ein furu ved vegen, er det garantert en hump og kanskje hål i asfalten. I dag var det mykje 4 felt, så det gjekk unna, då også vinden bar oss fram. 170 km, og tross alt 659 hm, og flott sykletemperatur på 20°.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar