mandag 11. april 2016

Lamezia

Det vart en fantastisk sykledag. Starta frå Villa San Giovanni i kjølig vårvær. Her går fjella langt ut mot kysten, og etter et par mil var det klatring til over 500 moh. Dette går fint i låge gir, sjølv om sykkel og bagasje er over 30 kg. Då me suser utfor nedover uendelige bakker og blir skikkelig avkjølt, lurer me på korleis me kom opp i den høgda. Vel nede ved kysten vart det nokre mil i godt tempo før neste bakke. Her er det produktivt landbruk med grønnsakproduksjon over store arealer. Me tar rett over landet mot Pizzo. Her er skoger av oliventre. På toppen er me nok en gang over 500 moh. Det ligg byer overalt her på toppen. Flott område. Så utfor igjen, ned mot sjøen og så må me få varmen i oss igjen. Fann fint hotell i Lamezia. Under dagens tur diskuterte me den enorme forsøplinga det er langs vegen. Det er heilt utrulig at italienerne kan ha det slik. Viser til bilde. 121 km, 1332 hm og 19° i snitt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar