mandag 1. juni 2009

Skaidi - Alta


Som venta vart veret av det ufine på turen over til Alta. Snakket med ei samekåna i Skaidi, og ho kalla veret for reinkalvuver. Det var slik alltid i slutten av mai, eller i pinsen, sa ho. I plaskregn starta vi sørover fra Skaidi. Temperaturen gjekk nedover jo høgare vi kom. Rett før Sennalandet var det 2 grader og sludd, og sterk sidevind. Så letta det, og sola titta fram, men då fekk vi vinden rett i mot. Dei første 2 mila sykla vi 3 mil, dei neste 2 brukte vi 2 timar på. Over toppen og ned første skikkelige nedoverbakke måtte vi trø hardt for å koma opp i 13 km i timen. Men så dreide vegen sørover og nedover mot Alta, og då vart det flott. Brynebuen Anders Rake inviterte oss til å bu hos han. Fekk kjempegod laks til middag. Sola skin, og det er skikkelig midnattsol her nå i kveld.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar