fredag 5. juni 2009

Sætermoen - Ballangen


Turen i dag starta fint, men snart kom reget og snøen. Det vart kaldare og kaldare (2 grader) over Gratangsfjellet, og på toppen la snøen seg. Svette og varme sette me utføre igjen, for å bli så nedkjølte at vi fraus. Slik var det til vi var nede i Bjerkvik. Der fekk vi varmen igjen sammen med en god burger. På ein av toppane treffte vi to syklister frå Belgia. Han eine hadde sykla heilt frå Belgia. Vi var de første nordmenn med oppakning på sykkel de hadde møtt i Norge. Resten av dagen gikk i sol og byger innom Narvik og sør til Ballangen der vi ligg i hytte i natt. Dagens opplevelse var å sjå kontrastene i ei av liene: Utsprunget bjørk nede ved vegen, musøyra lenger oppe, svarte tre over der, så snøkledde tre før fjellet tok over med kvit nysnø i et glimt av sol. Flott!!! Dagens fakta: 137 km på 7t 35m som gir 18,1 i snitt og 1410 høgdemeter. Er det nokon som les denne bloggen og har spørsmål, kan de sende på SMS til Berge på 97191495.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar