Siste etappe vart desserten på turen. Starta i 9-tida og følger GI682 mesteparten av dagen. Her slynger den seg langs kysten, inn og ned i dalane, så oppover ut rundt nesa, med utsiktspunkter videre. Det er utrulig flott natur. Det er og mykje syklister. Ulempå denne gong (3. gong eg sykler her) er at det er utrulig mange motorsyklister. Og dei kjører fort. Det må være ein kjekk tur for dei og, men nokre tar vanvittige sjangser, og det er utrulig at det går godt. Det er mykje bråk med dei også. Midtveis ligg Tossa del Mar som Magne og eg overnatta i i 2012. Ein vakker by. Inn mot Calella så følger eg stranda, og er framme ved målet. 67km, 5t 21m og 847 hm. Til sammen har eg sykla 2773 km på 23 dager, det blir ca 120km kvar sykkeldag.
søndag 29. september 2019
lørdag 28. september 2019
Llanca - Palamos
Bedagelig flott tur gjennom fjell og jordbruksområder. Trur alle her sør må ha et problem med maisen. Den står uhausta og aldeles vissen. Ellers er det mykje epledyrking og vindruer i skråningane. Når ein følger dei større veiene inn mot byer, blir standarden på vegen stadig bedre. Når skilta så blir blå og det er 4felt samt 90, begynner eg å lure på kor lenge ein kan følge den. Så er det av og inn på småveger igjen. Det går veldig bra å følge kartet på Garminen. Bare 77km, 5t 35m og 425hm.
Port Laucate - Llanca
Dette er ein av den finaste sykkeldagane eg har hatt. Starta flatt langs endeløse strender inn mot der fjella dupper ned i havet. Det er tredje gong eg sykler her, og eg er like imponert kvar gong. Eg følger D914/N-260 som følger kysten. I kvar ny bukt er det ein ny liten by, så går det opp i sniglefart, for så å stupa ned i racerfart. Det er så vakkert at eg må stoppe på hver utsiktspunkt for å nyte utsikten og ta bilder. Midt oppå ein plass, så er ein i Spania. Det vart litt bakker i dag, men det var "glede i hvert trokk". Koselig hotell, og 100m ned til stranda. Det var godt med en cervesa...... Nå har eg bare 2 korte etapper igjen på 3 dager, tar fri på lørdag tenkjer eg. Blir nok soling og bading. 85 km, 6t 32m og 840 hm.
Sete - Port Laucate
Dette var ei gild dag på sykkelen. Først langs ei fantastisk strand til Agde. Så er det mykje sletter og innsjøer videre sørover. Vil en halde seg med sjøen er det basje og det går litt potle. Brukte mr. Google mykje i dag og havna på underlag som hadde våre best egna på fulldempa sykkel. Min Velotec S5 er nokre år, og har vert på mange turer, men er imponerane sterk. Hadde god service hos Spinn og Rolf Helge før turen, og sykkelen er fortsatt veldig god, nå etter den 7. langturen på over 200mil. Løypa gjekk bl.a. langs ein kanal som går gjennom ein av desse store innsjøane. Fann den ruta sist tur for 4år sida. Då eg kom "i land" var det kort tur til Port Leucate. Nå ser eg Pyreneefjella i sør, og eg gler meg til et flott landskap inn i Spania. Ein av dei fineste sykkelrutene eg veit om. 122km, 8t 22m og 413 hm.
Avignon - Sete
Litt sein start i dag. Det var ikkje frokost før 8... Utrulig så ein lager seg vaner når ein er på ein slik tur. Det forskyver heile dagsrymen med ein time... Men nå er eg kome til syden, og det er fantastisk godt med sol og varme... Først i dag var å kome seg ned til La Grande-Motte. Det var å følge vegen mellom byene. Prøvde å følge ruta som eg av og til kommer innom, men som vanlig, enda eg langt ute på jordet. Så opp på nærmeste veg igjen, for det går fortast. Det med sykkelveier er ikkje franskmennene si sterkeste side, er mi erfaring. Dette området kalles for lille Camargue. La Grande-Motte er ein skikkelig ferieby med fantastiske strender. Mot Seté viser både Google og ViaMichelin at en kan fløge Séte-Rhonekanalen. Men det går ikkje nå slik som for 4 år sidan. Ein må inn i landet rundt ein innsjø. Seté er havneby og skikkelig koselig. 139km, 8t 24m, 332 hm.
Valence - Avignon
Etter skikkelig regn og torever i går kveld, og i natt, var det ein frisk morgen uten ei sky å starte opp i. Mr.Google og eg er gode venner nå, men av og til prøver han å sende meg langs ånå, og der er det bare pukk! Så det blir "mindre" veier sørover. Onnevind, så det går unna. Første gong eg tar austsida av ånå ner, og då var eg innom først Montelimar, så Orange med en fantastisk rundkjøring, triumfbuen. Avignon er ein flott by med gammel bymur og mange trange gater. Veldig koselig og seerverdig. Hotellet er et gammalt sykehus! Siste del av dagen så har Mont Ventoux kneisa i aust. Har sykla det 3 gonger og har gode minner derfra. Luktene langs vegane er varierte, men når ein passerer ein lavendelåker er det fantastisk. 130km, 7t 21m og 427 hm.
søndag 22. september 2019
Lyon - Valence
Det er tredje gong eg sykler sørover frå Lyon, og eg slit med å finne beste vegen og viaRhone som følger ånå. Herr Google vil ikkje heller sende meg på viaRhone uten den er asfaltert. Så det vart litt veg og litt sykkelrute. Yr har bomma kraftig på værvarslet. Dei melde regn i Lyon i går, så skulle det kome midt på dagen i dag, men nå kl 16. er det fortsatt sol og 25°. Men det har blese på regn i heile dag. Så syklinga har vore tung i motevinden. Eg er svært skuffa over at det er så få syklister i området. Det er helst langtursyklister som dominerer. På ein søndag burde det vert mange fleire på tur. Nå sit eg midt på det torget som har mest uteservering og tar ei velfortjent øl (el 2), mens eg skriv i FB. 112km, 7t 16m og 462hm.
Abonner på:
Innlegg (Atom)