torsdag 12. september 2019

Bremen - Osnabruck


Oppstarten ut frå Bremen gjekk svært bra. Sol og bare litt vind først på dagen. Følgte stort sett den "gamle" hovedvegen heile dagen. Her er mykje trafikk, men god sykkelveg ved sida. Då skjer det ikkje mykje nytt, og ein set og trør og lar tankane fara. To pauser passer bra med litt cola og tebrød. Så kom overraskelsen..... ein bakke...... tenk første bakken etter 750 km. Sikkert 100 m stigning. Det var tungt og uvant. I tillegg har det blese rett imot på regn, heile ettermiddagen. Fin by Osnabruk. Fann fint hotell rett ved domkyrkja. 122 km, 8,49 timar og 461 hm.



Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

St. Michaelisdonn - Bremen


Ein fin dag på sykkeltur. Sol og 17° med frisk bris frå vest. Første økta gjekk til ferga over Elben ved Gluckstadt. Der var andre langsyklere på ferga, og praten gjekk fint. Eg trudde at etter alle episodane med Derrik så kunne eg tysk, men av ein eller anna grunn fortsetter alle å snakke engelsk med meg! Frå fergekryssinga over til Bremen er det lettsykla langs alle'er, og det er tøfft å kome inn i ein storby som Bremen. Men dette er ein by tilrettlagt for sykler. Og det vrimla av likesinna. Då har du forkjørsrett i ditt røde felt, heilt til neste lyskryss. Då er det feilgiring og klakking med pedaler. Nå er det shweinesnitzel og øl.... 142 km, 9timar og 300 hm


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

mandag 9. september 2019

Tønder -St. Michalisdonn



Ein potledag er nok fasiten på denne turen. At sykkel og utstyr ikkje blir skada av slike sykkelveger som er her i nordtyskland. Dei er 5 ganger verre enn vår verste: Riskjell til Klepp St.  For kvar 10-20 m er det en liten åning i asfalten. Denne er gammel og åpningene er større og mindre groper..... Ellers var det strake vegen til Husum, med punktering. Dette var ein flott by med koselig sentrum/havn. Så mot Heide, som har et gigantisk oljeraffineri. Her gjekk olja på jernbane. Videre somla eg fælt for å ikkje ta igjen ei store regnbyga som gjekk sørover. Enda opp på en hestegard som også har rom til leige. Her er det kjempefint....

Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

søndag 8. september 2019

Herning - Tønder


Dette vart ein flott etappe... Starta i lett skoddeyr, men etter ein time skein sola. Lett onnevind første del, og lett mote på slutten. Var i håndballmodus då eg sov i Herning og rett aust ligg Ikast. Så passerte eg Riibe på vegen. Ellers mykje store gardsbruk med kyr. Det blir dyrka mykje mais i dette området. Tønder er ein by me besøkte for over 50 år sidan på ein av våre ferier. Far likte godt å reisa med den fine Taunus 17m-en. Her er lite folk ein sundag kveld, men koselig. 157km, 9 t og 393 hm.

Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

lørdag 7. september 2019

Løgstør - Herning


I dag fann eg den ultimate ruta. Stikkordet er gammel jernbane. Her har danskan forstått det: sykkel og gangsti. Først til Viborg på Himmerlandstien, så til Herning på Alhedestien. Godt grusunderlag på første, og mindre godbeleggningsstein på siste fram til kommunegrensa til Herning. Her var det 3 m asfalt med midtstripe, heil flatt og beint!! Flott ver med endel motevind i starten, så kom regnbygene, og eg valgte å stoppa i ly for dei verste. 125km, 503 hm!! og nesten 9 timer på vegen


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.

fredag 6. september 2019

Hirtshals - Løgstør

Så er eg i gang med tur til Calella i Spania. Det vart ei fin overfart med ferja, heilt på tida. Kom av ferga i styrtregn og kuling. Motevind og regnbyger har vert dagens utfordring. Ruta gjekk om Løkken, Aabybro, Aggersund og stansa i Løgstør. Det er lite overnattinger sørover herfra og 7 mil til Viborg i vinden frista ikkje. Ellers er sykkel og oppakning grei. 103 km vart det og eg brukte 8 timer. Snittfart i bevegelse var 16,3 km/t.

søndag 1. september 2019

Hirtshals - Calella

Ny tur er planlagt i september 2019..... Då blir det tur til Calella i Spania igjen. Denne gang blir ruta lagt litt lenger vest gjennom Frankrike og gjennom Pyrineene ved Andorra